Var såpass fint og varmt ute på søndags kvelden at eg tok med meg Pia og Enya ut på tur. Med kameraet på slep som vanleg sidan eg tenkte eg skulle ta nokre bilder av begge to ilag, noko som viste seg å ikkje vere den enklaste sak i verda sidan Pia – til tross for at ho går så tett inntil Enya at ho nesten går mellom beina på ho når vi går – synes Enya er skitskummel når vi er i ro, så Pia nekta å sitte tett inntil Enya. Så akkurat dei bildene seg vel noko snåle ute.
Fiktiv stamtavle
11 maiSidan eg eigentleg hadde ein plan om og sette kull på Pia, så var eg ein smule ivrig etter å finne passande hannhundar. Så av den grunnen fikk eg laga ein god del fiktive stamtavler. Men det finst dei som ikkje veit korleis dei lagar ei slik fiktiv stamtavle, eller kva det eigentleg er. Så her kjem ein rask guide.
KVA ER EI FIKTIV STAMTAVE?
Om du planlegg å avle på tispa di må du finne ein hannhund. Men det er ikkje berre å plukke i hytt og gevær og håpe på at kvalpane blir fine og flinke til det dei er meint til. Ein bør velge mellom hannhundar som er godkjent til avl og som har nådd avls kriteria.
Men har du funne ein hannhund eller fleire som du liker kan du prøve og sette opp ei fiktiv stamtavle som viser innavlsgrad, jakt- og utstillingspremierte hundar i stamtavla.
Er det innavlsgrada ein ønsker og sjå, så blir dei hundane som går igjen i stamtavla vist med ein farge. Det same skjer med premiering.
Ei fiktiv stamtavle er altså eit slags døme på korleis den/dei framtidige kvalpen(ane) si stamtavle kjem til og sjå ut.
Under viser eg eit døme på ei fiktiv stamtave med 5 generasjonar og 0% innavl.

KORLEIS LAGE EI FIKTIV STAMTAVLE:
1. Gå inn på www.nkk.no
2. Elektroniske tjeneste -> DogWeb
3. Etter at du har logga inn på DogWeb, trykker du på “DogWeb 2008″

4. Når du har trykt på “DogWeb 2008″ kjem du inn på ei ny side med fire alternativ. Trykk på “Søk i hundedatabasen”. Om du ikkje får opp enda ei ny side, kan du lese lenger nede at du kan ta i bruk den gamle versjonen av DogWeb (som vel og merke ikkje er god i det heile tatt!).

5. Du har no komt til sida der du kan søke etter hannhunden. Her kan du også sjå søskena til hunden, helse, andre avkom, utstilling/LP/AG resultat, prøver og diverse slikt noko.
Men skriv inn kennelnamnet på hunden du ønsker å søke etter, kjem det opp fleire treff kan du også velge rase for og utelukke alle andre rasar enn den du er ute etter.
Når du har funne hunden, så trykker du på “fiktiv stamtavle”.

6. Du skal no ha fått opp ei ny rute der du skal skrive inn mor eller fars reg. nummer/kennelnamn. Eg synest alltid det er best å finne først, så fiktiv stamtavle før eg søker opp mi eiga tispe som eg hugsar kennelnamnet på i haude.
Når dette er gjort skal du no få opp ei fiktiv stamtavle over korleis stamtavla til ditt framtidige kull kan sjå ut med enten Per, Pål eller Espen Askeladd som avlshannen.
For og forklare bilete under, så søkte eg då opp faren slik eg har vist på bildene over. For og finne mor trykker eg på “søk” og det kjem opp ei ny lita rute. Der det står “namn” skriver eg inn kennelnamnet som her blir Pia Isadora, så trykker eg på søk. Pia kjem no opp under søk – knappen som vist på bildet.
Eg trykker så på regnr. (registrerings nummeret), og det kjem automatisk inn under “far”. Du kan no velge antall generasjonar du ønsker og sjå, samt innalvsgrad og premieringar.
Trykk så på søk, og du skal få opp den fiktige stamtavla.

Stikkord: DogWeb, Fiktiv stamtavle, NKK, Norsk Kennel Klubb
Hund i bil + sol = dehydrering og heteslag
9 maiVåren er her, og gradene stiger og sommaren er i anmarsj. Det er då viktig og tenkje over at det ikkje alltid er like lurt å forlate hunden i bilen, til tross for at du kanskje kun skal stikke haude innom ein butikk i fem minutt.
Og sjølv om du setter bilen i skyggen, så vær obs på at det ikkje alltid er til stor hjelp mot sola. 14 grader i skyggen, tilsvarar nemleg 19 grader i bilen. Mens 18 grader i skyggen tilsvarar heile 38 grader i bilen! Og dette er i skyggen.
Tenk deg då kor varmt det blir i ein bil som står midt i solsteika.
Men om du parkerar bilen i skyggen, så tenk over at sola faktisk flyttar på seg. For om du har parkert bilen i skyggen, kan det godt være du kjem ut igjen til ein bil som står midt i solteika!

NEDKJØLING:
Temperaturen i bilen stig raskare enn du trur, og i løpet av få minutt kan det vere ekstremvarme i bilen. Og korleis blir det då med ein hund i bilen? Hundar som generelt tåler varme dårleg.
Om hunden då ikkje har tilgang til vatn i bilen kan det raskt få konsekvensar. Hunden kan bli dehydrert og/eller få heteslag, som er ein tilstand der kroppen blir overoppheta på kort tid.
Symptom på heteslag:
- Forvirring
- Svimmelhet
- Besvimelse
- Bevistløshet og kramper
Heteslag er alvorleg, og hunden kan dø av det. Det er difor viktig at oppvarminga ikkje fortsetter ved å plassere hunden i meir kjølige omgivelsar.
Rens så hundens munn for fremmedlegeme og sikker før du spylar hunden med vatn som har ein temperatur på rundt 15 – 20 grader. Vatnet må ikkje vere for kaldt då det kan føre til at blodkara i huda trekk seg saman og hindrar varmen i å komme ut.
Lysken og bukområdet er den beste staden å nedkjøle hunden på. Dette på grunn av den tynne behåringa.
Om du ikkje har tilgang til rennande vatn, kan du bruke kalde håndklær som du legg over hunden.
Stikkord: bil, dehydrering, heteslag, hund i bil, Sol, Sommer, varme, Vår
Melketenner og generelt tannstell
9 maiHar du nokon gong tenkt over kor viktig det faktisk er å følge med på tennene under tannfellinga og heilt til hunden døyr? Om ein ikkje passar på kan det føre til konsekvensar som verkeleg kan svi i lommeboka til enkelte.
Eg har her prøvd å sette meg inn i tannstellet til hunden. Melketenner, under- og overkjeve, skadar som kan komme og diverse førebyggande tiltak mot blant anna tannstein.
MELKETENNER:
Normalt sett skal ein kvalp 28 melketenner, og rundt 4 månaders alder begynner fellinga, og den skal vere ferdig rundt 6 månaders alder. Seinast ved 7 månaders alder bør alle melketennene vere ute.
Når kvalpen er 9 månader skal dei normalt ha eit fullt tannsett som inneholder 42 tenner.
Melketennene på ein kvalp detter stort sett ut av seg sjølv, men ein bør vere obs og passe på. Det kan nemleg skje at melketennene ikkje dett ut av seg sjølv, og det endar då med at kvalpen får eit “dobbelt tannsett”.
Om ein kvalp får eit “dobbelt tannsett” er det mulighet for at den nye tanna ikkje utviklar seg normalt, og det kan føre til feil tannstilling over tid, der er difor viktig at ein følger med på kvalpens tenner under fellinga, då spesielt på slutten! Alternativet ved “dobbelt tannsett” er trekking hos veterinæren.
Her kan det vere lurt og skjekke prisane på dei forskjellige veterinærkontora, og sjølv betalte eg 1250,- for trekkinga av ei hjørne – melketann.

Tre av Pia’s melketenner. Er nok ikkje så vanskeleg å gjette seg til kva tann som måtte trekkast.
OVERKJEVE OG UNDERKJEVE:
Her kjem eit bilde over kor mange melketenner kvalpen har i over- og undekjeven.
SKADA MELKETENNER:
Ei melketann kan også bli skada, og det kan skje ved at det muligens blir eit sår i emaljen. Det som skjer då, er at nerven ligg open og det blir stor risiko for infeksjon.
Om det korrekte bittet på ein rase er saksebitt, og kvalpen då får “dobbelt tannsett” på ein eller fleire tenner, kan bittet blir feil og resultere i undervitt, overbitt eller tanbitt. Ønsker du då og stille kvalpen når den er eldre vil det påverke premiegraden på grunn av feil bitt.
FØREBYGGJANDE TANNSTELL:
Det kan vere lurt og begynne tilvenning av tannpuss i tidleg alder slik at kvalpen lærer at eigaren skal få lov til og holde på inne i munnen utan at han/ho skal vegre seg for det (altså kvalpen).
Ein babytannbørste funkar fint til dette bruket, for dei er mjuke og skadar ikkje tannkjøttet som kan vere noko sårt i tannfellingsperioden. Men start forsiktig under tilvenningsperioden. I tannfellingsperioden kan ein også bruke ein mjuk og våt klut som ein fører forsiktig langs tennene.
Om du ønsker å kjøpe tannbørste og tannkrem som er eigna for hundar, så får ein kjøpt det på apoteket og hos veterinæren.
Andre førebyggande tiltak for tannstell er også å kun gi hunden tørrfór og hundesnacks i staden for diverse matrestar.
Diverse gnagebein, griseøyrer og Dentastix hjelper også på det førebyggande arbeidet mot tannstein. Vi har også PlaqueOff som er eit fórtilskudd som skal gi friskare tannkjøtt, betre ånde og motverke plakk. Det skal også hjelpe til ved at ein enklare får fjerna tannstein.
Stikkord: melketenner, tannstell, Tenner
Importering av gatehundar
7 maiVi hører og ser stadig vekk hundar som importerast frå blant anna Romania. Dei må reddast frå døden, og bringast til Noreg for eit nytt og betre liv. Sjølvsagt er det mange som ikkje har hjerte til og hoppe over slikt, og takkar dermed ja for og redde det stakkars dyret på fire bein. Det mange desverre ikkje veit, er at dei kan ende opp med ei utgiftsbombe av ein hund som stadig vekk må til veterinæren og som gjerne må gå på medisinar livet ut, og det til tross for at den nye og stolte(?) eigaren har fått beskjed om at hunden er frisk som ein fisk. Men kjem det eigentleg som eit stort sjokk? Nei. Og tanken på all den gørra av sjukdommar og ormar dei hundane bringer med seg inn i landet, det er skremmande og tenkje på.
Men det er ikkje berre det at dei kan bringe med seg diverse styggesaker inn til Noreg, det å ha ein gatehund kan da verkeleg ikkje vere så enkelt heller vil eg tru. Når ein hund har levd på gata i lang tid, der den gjerne har måtta slåss for og overleve og få i seg næring, så er nok sjansen stor for at den blir matagressiv.
Ikkje ser eg for meg at gatehundar går med halsbånd/sele heller, og plutseleg blir det tredt ned over haude på hunden og ut på tur? Hadde eg vert ein hund, så hadde eg sikkert fått ein klaustrofobisk følelse og prøvd å komme meg ut av jævelskapen som vart tvunge på meg.
Kva skjer då når folk adopterar til seg ein gatehund fordi dei trur dei gjer ein god gjerning, og trur det kan bli ein fin familiehund? Mulig ein hund med lite menneske – erfaring kan bli det med tida, men fryktagressjon er nok utbredt. Ergo ingen god familiehund, spesielt om det då skulle vere barn i familien.
Og det at ein hund som mest truleg kun har hatt grus, gras, asfalt og liknande som underlag, plutseleg blir kasta inn i eit hus med såpeglatte golv, det hjelper neppe på tryggheten folk ønsker ein hund skal kunne ha i sin eigen heim.
Og kva med dei norske hundane som så sårt treng ein ny heim? Er ikkje dei gode nok for det norske folk, eller korleis er eigentleg tankegangen til enkelte rundt akkurat dette? Sjølv hadde eg heller takka ja til ti omplasseringshundar enn ein importert gatehund.
Stikkord: adoptering, gatehund, importering, omplassering
Mål meg her, og mål meg der
5 maiTil hausten flyttar eg og Pia langt, langt vekk. Nærmare sagt litt over 480 km og rundt 8 timar heimaifrå. Og vi må vel nesten sette oss nokre mål for tida vi er der vi skal?
- Få fleire hundevenner og få til meir sosialisering blant andre firbeinte
- Starte med agility
- Trene meir lydighet (spesielt retta mot bronsemerket/appellmerket)
- Meir miljøtrening i større byar
- Prøve å få Pia meir trygg på/oversjå fremmede på både to og fire bein
Lista blir oppdatert etterkvart.
Stikkord: Mål






















