Ny bloggadresse

8 Feb

Sidan det er tomt for lagringsplass på denne bloggen her, så fant eg ut at eg skulle lage ein wordpress blogg av heimesida eg har på One.com.

Har oppdatert ein heil del på den nye sida allerede, men har heilt gløymt å skrive noko her.

Ny adresse —->    SIKVAX.COM

Advertisements

Dei beste bildene gjennom 2013

2 Jan

Når eg først har starta med oppsummering av både ditten og datten, så kan eg vel like gjerne fortsette med tidsfordrivet mitt. Det uheldige her er at dei fleste bildene mine ligger på den stasjonære macen, som er nedpakka. Men sidan det aller meste av bilder har blitt lagt ut her, så då var det berre å bla seg tilbake i arkivet.

Året 2013

1 Jan

JANUAR:

Her skjedde det store ting som forandrar fleirfoldige år fram i tid. 8. Januar tok eg nemleg turen til Gamlebyen i Fredrikstad for og hente verdens beste Catania som var 4 mnd. på den tida. Når eg ser på bildene frå den tida, ser på ho den dag i dag, så kan eg ikkje hugse at ho har vert så lita!
Pia var vel ikkje så veldig begeistra for den lille, plagsome, irriterande og innpåslitne bruningen som kom i hus. No er dei verdens beste venner.

Vart vel også nokre turar til Oslo for og besøke Caroline. Samtidig fikk Catania også sosialisert med hennar Whippetar, 8 bikkjer i skisporet og ein del Huskyer.

Den nest største hendelsen var nok når eg drog med meg Martine på utstilling med bikkjene i Pingvinhallen i Sandefjord. Martine, som aldri hadde stillt hund før, vart sendt i ringen med Catania. Og Catania var overhode ikkje utstillingstrent, så det gjekk deretter. Vart BIR, så var ikkje dårleg det!
Men Pia fikk sitt aller første CERT på den utstilling. Trur eg kunne letta når eg fikk BIR-sløyfa og kritikken. Wuhuuu!

FEBRUAR:
Nesten ein månad etter at Catania kom i hus var det på tide og få ut litt frustrasjon. Det kan vere frykteleg slitsomt med ein duracell kanin i hus nemleg…
Rett før vinterferien, så gjekk turen til Oslo. Der var det duka for dobbelutstilling på Hellerudsletta med både Catania og Pia. Caroline fikk gå med Catania begge dagar, og eine dagen vart det BIR, mens det vart gult den andre. Krøllhale vs. korrekt hale… Ikkje så vanskeleg og sjå korleis det kjem til og gå.
Pia derimot fikk blått den eine dagen, men med ein fin kritikk og beskjed frå dommar om at eg måtte fortsette å stille frøkna, for ho hadde eit nydeleg hode. Dagen etter stakk ho av med CERT’et igjen. Wehooo!

I vinterferien kjørte eg og bikkjene heim igjen til Førde, så då fikk folket hilse på Catania for første gong. Ikkje akkurat verdens blidaste, men shit au, dei syns ho er verdas herlegaste no.

MARS:
Var fotograf for ein slektning på eit dressurstevne. Antakelegvis mitt aller første dressurstevne eg har sett på. Men morro var det.

Ellers var Catania på nok ei utstilling. Denne gangen på Drammen Hundefestival. Drog med meg Martine her også, for selskap og fotografering. Viktig med skikkelege bilder når eg sjølv skulle handle Catania i ringen for første gong!  Vart BIR (ofc!) med kritikken:

5 mnd. Vakkert, femininit hode. Fint uttrykk. Velplasserte, fine ører. Vakker hals. Markert brystben. Noe steil. Bitt ok. Velkroppet. Gode vinkler bak. Stram, fin rygg. Noe avfallende i kryss. Vakker farge. Fin pels. Ønsker bedre hale. Herlig temperament. Velvist.

Når eg var heime igjen i påskeferien, vart eg og Catania med på myndetreffet til «Myndegruppa i Sunnfjord». Vi vart kun fire stykk med til saman 4 bikkjer som fikk herje rundt på eit jorde. Catania syntes i vert fall det var morro å få springe rundt saman med nokon som klarar og halde følge.

APRIL:
15. April reiste eg og Caroline til Sørum. Der var det LC-trening, og dermed måtte Catania få prøve seg! Gjekk opp og ned, fram og tilbake i ein lang evighet før det endeleg vart vår tur. Ho tente på filla med ein gong, og satte av gårde etter den. Litt skeptisk når filla stoppa, men ho tok den slutt. Flinke bruningen min det! Så det var Catania’s første LC-trening.

Etter ein fotojobb på Best i Førde, der eg tok bilder av så og seie heile menyen deira, så gjekk eg til innkjøp av eit nytt objektiv. Nemleg Sigma 24-70mm f/2.8, endeleg eit meir lyssterkt objektiv der eg kan gå litt nærmare enn 50mm!

Var på Melsom vgs. for og møte Pia og Marita så bikkjene fikk litt sosialisering med bikkjene deira, Elvis, Loke og Vesla. Veldig hyggeleg, og fint for bråkebøtta Pia.

MAI:
På Nøtterøy var det vårsol, varmt og tørt. Med andre ord; eit herleg utevær. Var på besøk til Linda og Mike, så gjekk vi ein tur saman med alle bikkjene og endte opp på eit grasbane der vi heiv inn litt lydighetstrening.

11. Mai heiv eg bikkjene i bilen og dura avgårde for og få med meg Østlandskvalpen, der eg skulle stille Catania og møte Caroline. Var veldig vått enkelte plassar på bakken, og med fisefine Catania i andre enden av båndet, så skal det ikkje vere så veldig enkelt. Men syns ho var flink sånn ellers. Dommaren var streng, las i rasestandarden og holdt nesten på og diske oss på grunn av halen, men lot det passere sidan halen ikkje gjekk i ein direkte krøll over ryggen (eller noko i den duren). Resultatet var BIR. Og sidan det kun var 3 kvalpar i gruppe 5, så vart det BIG3 også.

Nokre dagar seinare var det tid for hunden.no treff i Frognerparken i Oslo. Eit koseleg treff der ein får vert med på mykje rart. Pia hadde i vert fall godt utbytte av det, og viste at ho kan vere dugande til tross for mange to- og firbeinte i nærleiken. Ho var med på sprinten, matchshow, LP rekrutt og AG nybegynner. Kan jo nevne det at Pia kun har trent agility eit par gangar tidlegare, og det er nokre år sidan. Men vi kom oss da gjennom. Mest stolt over ho i LP rekrutten, flinke flinke bråkebøtta mi!
Catania var kun med på sprinten og matchshowt. Sprinten var nok den ho likte best, for på veg mot meg fant ho ut at- heeey, ho var jo laus! Dermed måtte ho ta seg nokre rundar på eiga hånd også.

JUNI:
Den store utstillingsmånaden?
1. Juni var det BolCot-spesialen i Drammen. Pia var påmeldt, oppførte seg overraskande fint i ringen mot dommaren, til tross for at han bøygde seg over ho. Fikk blå, men vart plassert som nr. 1 i klassen!
2. Juni var det NKK i Drammen. Området var dobbeltbooka, og dermed vart det veldig stress med å måtte parkere på den eine sida av vegen, mens ringen var på den andre. Det er tungt(!!!) å måtte bære med seg bur, stellesaker og slikt dill + 2 bikkjer.
8. Juni var det utstilling i Sandefjord igjen, denne gangen Catania’s siste kvalpeshow. Kjem nok som eit enormt stort sjokk at ho vart BIR. Droppa gruppefinalen sidan vi var tidleg ute, og dermed evig lang ventetid. Sterk sol så bikkjene ikkje kunne plasserast i bilen, og lite stands.
9. Juni var det tilbake til Sandefjord for og stille Pia. Flink dott, men dårleg resultat. Så blææh.

Var veldig usikker på om eg skulle stille Catania på kvalpeshowet i Sandefjord sidan ho hadde vert halt i det siste, men alt var fint og greit den dagen, så då vart vi med allikavel. I ettertid kjente eg at det var noko som knakk/gjekk ut av posisjon inni kneet, og etter ein tur til veterinæren vart det konstantert Patella Luksasjon, ikkje berre i eit kne, men begge! Veterinæren flytta alle andre pasientar over på dei andre veterinærane, og starta operasjonen med ein gong sidan eg skulle flytte heim igjen ei veke seinare.
I løpet av ei veke var ho på bedringens veg igjen. Fortsatt vondt, men i bedre form både fysisk og psykisk.

JULI:
20 Dagers hundechallenge ja… Skulle få med meg den for og bli litt meir aktiv, men kom meg til dag 4, då sa det vist stopp.

AUGUST:
Dette var ein litt kjekk månad igjen, og tid for litt meir. Heile sommarferien bestod av jobbing, og dermed skjedde det lite spennande. Så i August var det tid for og vende snuten austover igjen!
Reiste til Drammen for og bu hos onkel og Kari ei langhelg. Var ein tur over grensa til Sverige saman med Caroline, som det var kosleg og møte igjen, så då vart det litt shopping der.
Så var det Podencospesialen, som eg nesten måtte få med meg. Gav nesten opp med og finne riktig plass, men plutseleg såg eg kirketårnet, og vips, så var eg på riktig veg! Sidan dei hadde pausekundkonkurranse (type matchshow), så fikk Pia delta der. Til tross for bråking mot ho som var dømte der, så fikk ho 2. plass!
Dagen etter var det NKK Bjerke, fikk blå og gul, og dermed rett ut. Men kritikken var fin. Så tok med meg ein deltakarrosett frå sekreteriatet.

Litt shopping måtte til etter at vi hadde vert i ringen, og etter det igjen reiste vi til Lier for og møte Caroline igjen på Whippetspesialen.

Forutanom alt det, så begynte vi og trene litt lydighet og gå meir på tur i ulendt terreng for knea sin del.

SEPTEMBER:
Eg var ørliten grann treg med og få redigert bildene eg tok av Whippetane til Caroline i studio, siste veka før skulen var over.

Ellers vart det enda meir tur i skog og mark, høge kneløft er godt for helsa!
Sidan brukshundklubben skulle arrangere matchshow i klubbmeisterskapet, så måtte nesten Catania meldast på. Ho var flink i ringen, men på grunn av fortsatt synlege arr etter operasjonen, så gjekk ho ut. Men fin trening i det minste då.

To stykk bursdagsbarn hadde eg i September også. Fint og ha dei samla i grunn.
9. September vart Pia tre år.
13. September vart Catania eit år.

Nytt myndetreff vart arrangert, og Catania vart delvis friskmeldt. Treffet vart vel ikkje så supergøy for Catania, for mens dei tre Whippetane fikk herje rundt som dei ville, måtte ho sjølv gå i bånd. Men så vart Whippetane kobla, og Catania fikk herje litt innimellom ho også. Viktig og ta ting litt forsikrig i begynnelsen, og Catania var flink til å begrense seg sjølv.

Vi har vert gørrtreg til lydighetstrening, og ein må tidleg krøkast om god lydighetshund skal bli! Var det her eg vart meir bevisst på at vi skal trene meir målretta mot konkurranse skal tru?

OKTOBER:
Vi hadde nok ein litt kjedeleg dag, for Catania måtte torturerast og eg lagde då eit «Passion for Fashion» innlegg.
Hadde nokre tunge og vanskelege tankar angåande Pia.

Catania får springe meir laus, dermed har vi gått på tur, tur og gjørmetur. Fint område, lause udyr, lite folk og (stort sett) fint vær. Retten og sletten herleg!

NOVEMBER:
Lydighet. Lydighet. Lydighet. Ja… nevnte eg lydighet? Vi har trent ein god del, fått på plass dekk, innlærling av utgangsstilling/på plass og starta med apportering. Berre å legge seg i hardtrening når ein har sett seg ut stevner vi skal vere med på!

Den første snøen var komt på fjellet. Enkelte plassar den ikkje hadde lagt seg, men allikavel, var litt snø. Men den første skikkelege snøen, kom ikkje lenge etterpå. Var to styk som syntes det var litt ekstra morro.

Så gjekk turen austover igjen då. Men denne gangen kun med Catania på slep. Drammen på fredagen, Lillsetrøm på laurdagen og heim igjen til Førde på søndagen.
I Lillestrøm var det Dogs 4 All, og det måtte eg nesten få med meg. Andre året eg har vert der, og det slår aldri feil. Gjekk og trakka rundt der i rundt 7 timar saman med Catania, Victoria og Silje. Catania var heilt kaputt på slutten av dagen, ho la seg ned så snart anledninga kom, som også vil sei under prøving av både kløv og dekken.
Både fikk og kjøpte med meg ein del heim, men det hører med!

Sidan eg hadde sett ein del på Ruffwear Approach pack kløven, men syns den var litt i dyraste laget på Dogs 4 All, så bestillte eg den heller drå Animail.no. Når eg endeleg fikk den i posten, så då måtte kløven prøvekjørast!

Klarte også og komme med eit oppsummeringsinnlegg med mobilbilder.

DESEMBER:
Desember har vert ein kjedeleg månad med ekstremt lite snø, og ein heil haug med regn, regn og atter regn.
1. Desember fikk eg testa ut vår første EFIT. Ganske morro, men frykteleg lett og gløyme når ein skal ta bilder. Kalenderen på mobilen blir jo den dagen stappa full med påminningar for kvar time.

Det vart eit aldri så lite myndetreff igjen, og dermed var det på tide med litt fartsfyllt morro i begynnelsen av Desember. I grunn litt synd vi aldri har klart og finne eit tidspunkt som passar for alle, men det seier seg vel sjølv at det gjerne er litt vanskeleg. Får håpe det klaffar ein gong, hadde vert morro med fleire på treff.

Har blitt minimalt med trening i det siste, men vi har fått inn nokre få økter. Vi har komt oss på rett kjøl igjen, og eg har tatt ei lita oppsummering på kva øvelsar vi må øve meir på. Og så klart har Catania då også blitt introdusert for ein ny øvelse.

På julafta var vi hos pappa. Der fikk Catania og Pia kvar sitt tyggebein og ein pakke med dentastix på deling. Og det verka som at bikkjene var passe trøtte når vi kom heim igjen.
Desverre vart Catania dårleg ein dag eller to etter julafta. Ho fikk rennamage som varte eit par dagar, og hadde eit type utslett-ish mellom «tærne» på leppa. Etter eit døgn med kun ZooLack, var det sakte overgang til tørrfôret igjen. Fiskekaker, ZooLack, biola, ris… Går framover, så jehuu!

Har også kjøpt meg leilighet, så har blitt litt pakking og kjøring av flyttelass når eg har hatt fri. Det meste har komt i hus, og snart er det kun maling av stua som gjenstår før eg kan begynne og bu der. Kan trygt sei eg gledar meg til eg og bikkjene får vår eigen heim. Med turmuligheter ikkje langt frå inngangsdøra!

Nyttårsafta gjekk smertefritt for seg. Sjølv var eg ute, sidan mamma meldte seg frivillig som «barnevakt». I følge ho var Catania kun nyskjerrig, mens Pia ikkje brydde seg. Men Pia har aldri brydd seg om alle smella, så det høres i grunn veldig bra ut.

Snø Mini_1337

Desember i mobilbilder

1 Jan

Då var Desember over, og vi er inne i ikkje berre ein ny månad, men også eit nytt år. Desverre har Desember vert særs regnfull, og det har dermed blitt mykje inntetid. Får håpe det blir litt værforandringar snart, for no vil eg faktisk ha litt snø!

Ellers håpar eg dei fleste firbeinte ikkje var så alt for redde i går. Her gjekk det i følge mamma veldig bra. Så får folk ha eit riktig godt nytt år!

IMG_0452

IMG_0461

IMG_0464

IMG_0471

Eg og Catania såg på julegrantenninga.

IMG_0483

IMG_0486

IMG_0488

IMG_0495

IMG_0497

Mamma strikka nissehue til Catania. Den vart ikkje heilt som planlagt for og sei det sånn.

IMG_0508

IMG_0518

IMG_0527

IMG_0529

IMG_0544

IMG_0604

Myndetreff med «Mynder i Sunnfjord», alltid koseleg.

IMG_0610

IMG_0619

Oh yes, sovestilling!

IMG_0626

IMG_0655

IMG_0683

IMG_0700

IMG_0704

IMG_0711

Soggy Doggy dørmatte, tyggesaker og godis frå Arivo. Tidleg julegave til meg sjølv og bikkjene.

IMG_0714

Halsvarmer Pia, til tjensete!

IMG_0724

IMG_0729

Vi prøvar oss på julebilder *host, hark*

IMG_0738

Kjøttdisken på jobb vart pynta til jul.

IMG_0741

IMG_0750

IMG_0773

Pia kosar seg med beinet sitt blant all tåfisen.

IMG_0795

Catania luftar labbane sine på morrakvisten.

Utsikten frå leiligheta mi, gler meg til eg kan flytte inn!

Tidsfordriv siste arbeidsdagen min i 2013.

Pia er ferdig børsta og klar for nyttårsafta.

 

…Og Catania lurer på om det er hennar tur snart 🙂

Catania fikk genser og potesokkar på nyttårsafta. Så no kan kulden og snøen komme.

Ute på tur i møkkaværet tidleg på nyttårsafta, var til og med litt snø lenger oppe på fjellet.

 

 

Introdusert for ny øvelse

15 Dec

IMG_0682

På tide med ei ny treningsøkt. Og i dag har eg også introdusert Catania for «hopp over hinder». Som greit nok bestod av to enkle hindersøyler og ei sykkelpumpe sidan eg ikkje fikk tak i sjølv hinder pinnen. Gjekk overraskande bra, heilt til eg gjekk rundt hinderet i staden for over det når eg skulle gå på motsatt side. Jaudå… Men prøvde og rette raskt opp i den feilen ved og starte heile greia på nytt, og stoppe ho i det same ho prøvde å gå rundt. Får sjå korleis det går ved neste økt då, om det blir resultater av det.

Dermed var det tid for «kontroll over hunden på avstand».
Dekk. Sitt. Dekk. Der er ho eigentleg veldig flink, men ho er veldig rask til og legge seg igjen, før kommando. Einaste som må terpast på her, er dermed å kunne halde på sitt’en lenger, så ho ikkje smeller i bakken før kommando er gitt. Trur ikkje det skal bli store problemet om vi går sakte men sikkert fram.

Sidan det gjekk så veldig bra med apporteringsøvelsen forge gong, så starta eg der vi slutta av forge gong. Eeehm, gjekk ikkje heilt som forventa. Ho tok med seg apportbukken opp i sofaen og la seg fint til rette.
Då tok eg eit lite skritt tilbake i treninga, og etter nokre gongar med det, då prøvde eg igjen. Gjekk mykje betre, og ho stakk ikkje av med den. Gjentok heile øvelsen nokre gangar, oppgiring og gjenta igjen. Går betre og betre, men kan bli frykteleg spennande når eg startar utetrening. Kjem ho til og stikke av med den, eller kjem ho til og komme inn på plass? Skal bli morro og sjå!

For dei som vil sjå filmsnuttar av treninga vår, søk opp «SIKVAX» på Instagram.

På rett kjøl igjen

13 Dec

Skjermbilde 2013-12-13 kl. 21.55.28

Til tross for at eg aller helst kunne tenkje og finne senga, så vart det ei kort treningsøkt med både Catania og Pia. Treninga med Catania gjekk både bra og dårleg.

Trente på litt «stå under marsj» der eg prøvde og få inn ein litt raskare stå ved og kaste ein godbit bak ho idet ho stoppar opp. Og det funka veldig bra. Men veit ikkje om eg skal sei ho er smart eller dum, eller om det er meg, men etter at eg prøvde ut den metoden med og kaste godbiten bak, så blir ho enten berre sittande igjen mens eg går framover (altså når ho skal gå fot), og om ho følger etter og går slik ho skal, då går ho kun til eit vist punkt før ho stoppar. Klin umulig å trene med ho på akkurat det punktet, enten eg ville ha ho inn på plass eller what-so-ever. Ho ville plutseleg ikkje gå der lenger.
Dermed vart det jobbing med å få ho til og gå forbi der, og det var kun leik og morro i form av veldig rask gange/jogging, og mange godord. Hjalp det.

Etter det trøblete greiene, så tok eg fram apporten. Fikk ein dårleg og skeiv start, for då ville ho ikkje gå forbi området igjen. Og ho prøvde å stikke av med apporten. Jeeei… Men etter klar beskjed om at det faktisk ikkje var lov, og litt leik med apportbukken, så kom vi meir på gli. Har faktisk komt så langt i øvelsen at eg no jobbar med og sette saman alle delane. Så på slutten av økta fikk eg ho i utgangsstilling, kasta apporten botover og gav apporteringskommandoen samtidig som ho sprang etter. Prøvde også og halde ho lett tilbake så ho vart sittande i ro i utgangsstilling mens eg kasta apportbukken, gjekk kjempebra. Og så klart kom ho inn på plass med den også!
Så det vi no må trene meir på, er jo heile øvelsen i eitt, få inn kommandoen skikkeleg og at ho kjem sikkert inn på plass med apportbukken i kjeften. Men det burde vel ikkje vere så vanskeleg?

Forhåpentlegvis blir det litt betre med innetrening når eg har komt på plass i leiligheta over nyttår, er vel litt større plass i stua der.

Ting vi må øve på:

  • Gå 2 skritt bak Catania i forskjellige øvelsar (dekk frå holdt, stå under marsj…)
  • Enkeltdekk 1 minutt
  • Fellesdekk 2 minutt
  • Visning av tenner (fremmede må inn her)
  • Hopp over hinder
  • Avstandskommandering (minst 3 øvelsar)

Ellers er vi godt i gang med alt det andre føler eg. Hadde det berre vert litt bedre vær og tørr bakke så eg kunne vert ute og trent ein dag eg har fri, då hadde vi forhåpentlegvis komt enda lenger!

Failure is only temporary, only giving up makes it permanent!

10 Dec

Snø Mini_1364

Har låge på latsida i det siste når det kjem til lydighetstrening, men i dag var det fram med godis og apportbukk. Først trente vi ein del på utgangsstilling/på plass, og den er jo veldig grei. Ho er litt overivrig enkelte gangar og setter seg dermed litt skeivt, men ho veit kva ho skal. Så trur ikkje det blir noko problem, litt finpuss berre.
Men ein ting som er nytt, men som ein skulle tru vi hadde trent mykje på, er stå under marsj. Gå, gå, BLI, gå, gå. Og ho vart ståande. Veldig morro når det er slik! Er fortsatt ein del og jobbe med, men vi har eit veldig godt utgangspunkt. Det vi derimot har det litt verre med, er når eg skal gå forbi og bak ho, før eg går inntil igjen. Då har ho ein tendens til og snu seg og/eller følge etter, men det burde ikkje vere den største utfordringa?

Så var det den apporten då. Følte vi sto litt fast forge gang vi trente med den, og dermed har vi droppa den ein del gangar, men i dag tok eg den fram igjen. Halen til Catania gjekk i eitt når ho såg apportbukken, og ho vart tydeleg gira. Greip den med ein gong, prøvde ikkje å stikke av med den, og alt var berre bra.

Forge gong prøvde eg å få ho til og komme inn på plass med apporten i munnen, men det gjekk fullstendig skeis. I dag prøvde eg på nytt, och voila… null niks problemer det vel! Jobba med kort avstand i dag, så får eg heller øke etterkvart. Så vil sei vi har hatt stor framgang i dag. Og eg skjønar at det kan lønne seg med ein litt lengre pause med enkelte øvelsar.