Vårsol!

8 mai

I går endte eg opp hos Linda etter skulen. Og vi tok med oss bikkjene på ein liten spasertur bort til nokre fotballbaner der vi kunne trene litt. Det var stor sol, blå himmel og varmt, noko som kunne merkast godt på dei firbeinte. Under lydighetsøkta med Pia, så endte ho opp med å komme hakk i hæl, tunga ute og pesande, så då var det i grunn berre å gi seg. Catania fikk seg ei kjapp treningsøkt ho også, men ho var ikkje akkurat på sitt beste…

Mens Pia og Catania fikk slappe av litt, fant eg fram kameraet for og knipse litt bilder.
Litt før vi avslutta og gjekk tilbake igjen, fikk eg trent litt innkalling med Catania. Linda holdt ho igjen i båndet mens eg jogga eit lite stykke bortover bana og ropte på ho. Udyret kom som ei kule, og måtte ta ein passe stor sving bak meg for å bremse, burde vel sei sitt om farten kanskje? På siste strekke fant ho ut at ho like gjerne kunne springe i meg, teite dyret!

Når vi var tilbake igjen der Linda bur, så stakk vi på Kiwi og kjøpte oss kvar sin is som vi kosa oss med ute i den fine vårsola.

Gras Mini_6316

Hoppetau Mini_6367

Hoppetau Mini_6371

Meg SOL Mini_6416

Mike Mini_6297

Pia Mini_6266

Pia og Catania Mini_6402

2 kommentar to “Vårsol!”

  1. Linda Svendsen 10/05/2013 kl. 20:47 #

    Herlig det hoppebildet, superstilig ! 🙂

Trackbacks/Pingbacks

  1. Året 2013 | sikvax - 01/01/2014

    […] På Nøtterøy var det vårsol, varmt og tørt. Med andre ord; eit herleg utevær. Var på besøk til Linda og Mike, så gjekk vi […]

Legg igjen en kommentar