Tag Archives: Mo vidaregåande skule

Myndetreff

8 des

I dag var det tid for eit lite myndetreff igjen. Til tross for at vi ikkje vart meir enn tre stykk, så er det alltid koseleg. Alle fire bikkjene fikk først herje rundt på travbana på Mo Vidaregåande skule, men sidan det var så innmari mykje snø der, gjekk vi opp på plassen der det var måka, og bortover i retning Huldefossen.

Catania er litt outsider, og tusslar heller i hælane på alle dei andre om ho ikkje går for seg sjølv. Men når tida var inne for og gå tilbake igjen til bilen, og alle då var kobla, nei då ville frøkna leike… Litt kjedsomhet i kobbel som må til for at ho skal invitere til leik? Rare dyret!