Tag Archives: sele

Trekksele!

2 okt

Lille bruningen min har fått seg trekksele, av merket Non-Stop Free Motion! Greit nok, så kan ho ikkje trekke på ei stund enda på grunn av knea, men å «gå inn» selen, og venne ho til å ha den på og slikt kan vi vel gjere litt i mellomtida. Kunne veldig gjerne tenke meg og prøve dyret på langrennski (korleis i svarte pokkern stoppar ein med det dyret forran skal tru?), og sykkel. Må berre gå til innkjøp av stang til sykkelen så vimsedyret ikkje får strikken inn i sykkelhjulet, det er neppe morro.

Er litt usikker på om selen passar sånn 100%, for eg har null niks peiling på sele. Men etter det eg har hørt, så ser det ut til at den sitter veldig bra, men den ser ut til å vere litt for lang der med ribbeina. Mens enkelte igjen syns den ser ut til å sitte fint på. Mulig eg må høyre om nokon i klubben har litt peiling og kan sjå litt på det på mandagstreninga?

Om nokon har innspel på selen, så spytt ut!

IMAG1416

IMAG1417

IMAG1418

Skjermbilde 2013-10-02 kl. 20.10.12

Prøverunde av ny sele i parken

25 feb

I forge veke bestilte eg ein kiwigrøn Julius – K9 sele til Pia. I går låg den i postkassa, så i dag måtte vi nesten prøve den skikkeleg. Og etter at vi hadde vert i parken, så var det heimom og hente Dina før vi alle tre gjekk ein tur rundt sentrum.