Tag Archives: Langeland skisenter

Sesongens første snøtur

20 nov

Til tross for at eg hadde fri, og mest av alt kunne tenke meg og sove lenge, så var det opp og hopp tidleg. Hadde time for vaksinering og helsesjekk hos veterinæren kl. 11 med begge to, og der såg alt fint ut. Catania hadde gått litt ned i vekt sidan sist, og låg no på 12,6 kg, og var dermed i perfekt hold. Pia var 6,1 kg, og hadde dermed gått opp 100 gram, så på tide og bremse litt på godsakene der gitt.
Knea til Catania var fine og stabile, mens Pia sine ikkje har forverra seg sidan sist. Så alt i alt, var det bra.

Etter turen innom veterinærkontoret dura vi opp mot langeland. Og der hadde det komt mykje snø sidan sist eg var oppe, no rakk det Pia til oppunder magen cirka. På grunn av all snøen, så var det ikkje heilt enkelt for lille Pia og komme seg fram, ho kunne ikkje akkurat trippe like elegant bortover vegen som Catania, så Pia var snøplog.
På grunn av all snøen, så vart turen også korta ned i forhold til der eg eigentleg hadde tenkt og gå. Pia vart nemleg full av kladdar bak og på labbane. Samtidig trur eg ho syntes det var både tungt og ubehageleg med alle kladdane, for ho begynte etterkvart med litt småsuttring innimellom. Men vi hadde ein fin tur fordiom. Neste gang får eg ta med sokkar og kline på med vaselin.

Snø Mini_1256

Snø Mini_1266

Snø Mini_1267

Snø Mini_1268

Snø Mini_1270

Snø Mini_1275

Snø Mini_1286

Snø Mini_1288

Snø Mini_1296

Snø Mini_1305

Snø Mini_1316

Snø Mini_1323

Snø Mini_1328

Snø Mini_1337

Snø Mini_1340

Snø Mini_1364

Snø Mini_1372

Snø Mini_1376

Intelligens er ingenting uten glede

10 nov

Til tross for at eg våkna til våt bakke, eit par regndråpar og tjukk tåke, tok eg og Catania turen opp på Langeland. Der oppe var det opplett, med unntak av eit og ana snøfnugg, og så var det snø!
Var kun eit syltynt snølag, men såg ut til at det fikk Catania til og sette ræva i eit lettare gir, for det gjekk unna, ingen tvil om det. Tok med ein tennisball også, så då vart det litt fram og tilbake med den også.

Snø Mini_1065

Snø Mini_1067

Snø Mini_1081

Snø Mini_1082

Snø Mini_1092

Snø Mini_1100

Snø Mini_1105

Snø Mini_1117

Snø Mini_1123

Snø Mini_1125

Snø Mini_1129

Snø Mini_1138

Snø Mini_1147

Snø Mini_1149

Snø Mini_1188

Snø Mini_1189

Snø Mini_1193

Snø Mini_1198

Snø Mini_1199

Snø Mini_1202

Snø Mini_1206

Bruningen og dotten på skogstur!

3 nov

Var opplett i dag, og til tross for ein litt sliten kropp, så vart det tur på Langeland. Vurderte å ikkje ta med meg Pia, sidan ho drog med seg halve skogen heim forge gang, men heiv på ho dressen og tok ho med. Gjett om ho vart glad då, spant rundt i gangen og venta på at vi skulle komme oss ut.
Vel oppe på parkeringsplassen møtte vi på ei frå «Myndegruppa i Sunnfjord» som nett hadde gått på tur med sine to Whippetar. Dei og Catania fikk hilse litt, og er alltid så morosamt og sjå korleis ho reagerar på likesinna rasar i forhold til andre som er meir «seige». Ho blir ein heilt anna hund, på ein positiv måte.

Sidan eg klarte å gløyme støvlane mine heime, så vart ikkje turen så veldig lang. Med joggesko som suger til seg vatn, og som sitter laust på foten er ikkje akkurat det beste skovalget når ein går på såpass våte plassar. Begge dyra fikk i vert fall ut litt energi uansett, Catania rasa rundt laus, men Pia sprang rundt med langlina på slep.
Har aldri møtt på folk når eg har gått den våte løypa der før, men i dag møtte eg på ein familie med småungar. Og må skryte av Catania som ikkje gadd å bry seg om dei, eller dei andre vi møtte når vi kom opp igjen på grusvegen. Ho kom heller til meg når eg ropte på ho, eller så stod ho berre og såg på dei. Flinke bruningen min det!

Er forresten ikkje så lett å vere Pia på tur alltid. Ho prøvar nesten alltid og halde følge med Catania, men der sliter ho litt. Til og med når Pia har eit stort forsprang, så kjem Catania alltid først. Med mindre Pia kun er nokre meter unna då så klart…

Og ei lita gladmelding (eller noko slikt); tok kontakt med ei som snart er ferdig utdanna hundeinstruktør her i området, så til veka skal vi prøve og møtast så vi kan snakke litt saman. Og etter det ho har nevnt til no, så skal vi prøve og få til parallellar med fremmede og seinare blir det parallellar med hundar. Så håpar det blir skikk på frøkna til slutt. Berre ho blir meir passiv til folk og hundar, så er eg meir enn fornøgd!

Langeland Mini_0991

Langeland Mini_0994

Langeland Mini_1002

Langeland Mini_1005

Langeland Mini_1010

Langeland Mini_1012

Langeland Mini_1029

Langeland Mini_1036

Langeland Mini_1040

Gjørmetur!

27 okt

Etter å ha regna i ei veke no, så var det endeleg opplett i dag. Og iløpet av frukosten, så vart himmelen meir og meir blå, til og med sola tok seg ein tur innom! Dermed var det berre å finne fram kameraet og hive bikkjene i bilen, for så å dure oppover mot Langeland for og ta seg ein spasertur. Desverre for meg, så droppa eg støvlane til fordel for meir behagelege joggesko… Kjem vel ikkje som ei bombe at skoa skvulpa av vatn og gjørme innan turen var omme.

Langeland Mini_0866

Langeland Mini_0867

Langeland Mini_0869

Langeland Mini_0883

Langeland Mini_0894

Langeland Mini_0904

Langeland Mini_0906

Langeland Mini_0929

Langeland Mini_0942

Langeland Mini_0947

Langeland Mini_0952

Langeland Mini_0954

Langeland Mini_0955

Langeland Mini_0959

Langeland Mini_0963

Langeland Mini_0966

Langeland Mini_0973

Langeland Mini_0975

Ei fartsbølle i fri flyt – Del 2

21 okt

Langeland Mini_0789

Langeland Mini_0792

Langeland Mini_0794

Langeland Mini_0797

Langeland Mini_0809

Langeland Mini_0816

Langeland Mini_0826

Langeland Mini_0829

Langeland Mini_0835

Langeland Mini_0842

Langeland Mini_0846

Langeland Mini_0847

Langeland Mini_0855

Langeland Mini_0859

Ei fartsbølle i fri flyt – Del 1

21 okt

Sidan eg har fri i dag, været var opplett men overskya, OK temperatur og null niks å finne på, då tok eg like gjerne med meg Catania opp igjen på Langeland i dag også. Var kun ein bil der når vi kom, og vi tok samme rute som i går. Også i dag møtte vi ikkje på ei einaste sjel, så det var kun meg, bruningen og ein masse småfuglar ute i fri natur. Herleg!

Catania er ein hund etter fugl, så ho hadde nokre «utstikkarar» der ho prøve og jakte litt. Desverre for ho, så holdt dei seg fint oppe i trea. Klarte til og med å avbryte ho midt i jakta den siste gangen, så det var i grunn litt morro. Men ho springer aldri langt, og held seg i nærleiken. Kan forsvinne litt ut av syne innimellom, men det er gjerne kun bakom ein haug eller ei busk og liknande. Så det er flinke bruningen min!

Langeland Mini_0727

Langeland Mini_0730

Langeland Mini_0733

Langeland Mini_0734

Langeland Mini_0739

Langeland Mini_0740

Langeland Mini_0747

Langeland Mini_0762

Langeland Mini_0769

Langeland Mini_0773

Langeland Mini_0779

Langeland Mini_0782

Langeland Mini_0786

Langeland Mini_0788

Ut på tur, aldri sur!

11 okt

Redalen Mini_7319

I det siste har det blirr veldig mykje innesitting. Den veka det var sol og fint vær ute var eg på sjukehuset, når eg slapp ut kom regnet, og regnet har holdt seg dryppande fram til tirsdag. Så på onsdag var eg og møtte ei venninne i sentrum før vi seinare tok med oss Catania og Pia opp på Langeland skisenter og gjekk langs ein traktorveg til vi kom nærme flyplassen. Tur/retur er det omlag 4 trur eg.
Sjølv om det står på skilt at det er båndtvang på grunn av beitedyr der vi gjekk, så har eg ikkje sett beitedyr akkurat der, og dei såg vi heller ingen verdens spor etter i går heller. Dermed fikk Catania springe laus på stort sett heile turen. Pia derimot måtte fint gå i bånd, litt kjipt å møte på folk med ein gal, kjeftande bomullsdott i farta… Var i vert fall veldig god med ein fin spasertur i knall blå himmel, stor sol og passe temperatur som ikkje er for varm eller kald!

I dag våkna eg også til knall blå himmel og sol. Opp og hopp for å hive i meg frukost, og så var det berre å hive bikkjene i bilen og kjøre opp til Langeland skisenter igjen. Var ingen bilar på parkeringsplassen, så hoppa nesten av glede over at vi heilt sikkert kom til og få vegen for oss sjølv, men kva møtte oss når vi kom litt lenger opp? Jo, 4-5 bilar… Og etter at vi hadde gått eit stykke var det plutseleg ein joggar rett forran oss, og gudane må vite kvar han kom i frå. Han forsvant like fort som han dukka opp også. Og uheldigvis var det ferske hestespor der i dag, så tok ikkje sjansen på og gå like langt som i går i tilfelle vi skulle møte på hest, og eg ville gjerne ha Catania laus.
Gjekk opp ein liten skråning med masse tre, lyng og busker etter eit stykke, og der tok Catania mildt sagt heilt av. Ho fikk skikkeleg raptus, og sprang tulling både hit og dit før ho kom tilbake og kollapsa ved sidan av meg og Pia. Kan tenke meg det var godt og få ut litt energi.

Mens eg sto i skråningen med Pia og Catania hoppa plutseleg Catania til og sprang ned på traktorvegen igjen, før ho satte i eit skikkeleg rabalder med bjeffing. Tenkte at no kom det sikkert dyr eller folk, eller whatever, og flinke bruningen min kom med ein gong eg ropte på ho. Fikk kobla ho i kobbelet og så gjekk vi roleg ned igjen på vegen, men der såg vi ingen på verken to- eller fire bein.
Tussla litt vidare før eg fant ut at vi skulle snu og gå tilbake igjen til bilen. Då slapp eg Catania igjen, så gjek ho laus heile vegen. Stort sett har eg pleid og kalle ho inn og koble ho til kobbelet før vi kjem til porten, men i dag gadd eg ikkje. Så på veg ned siste bakken der porten er på bunnen, så gjekk Catania og vimsa litt før ho gjekk bort dit for og vente. Rett før eg og Pia var komt oss ned, hører eg plutseleg eit skikkeleg grisehyl frå Catania, før ho springer bjeffande vekk frå porten. Då har dei (kven det no enn er) sjølvsagt slått på strumen på strømgjerdet igjen, og så har ho komt borti. Dårleg slutt på turen må eg sei.

Men mens vi sto der med porten, så ringte plutseleg ein kompis og lurte på om eg ville vere med han og ei venninne på tur. Så då kjørte eg rett til han, der vi tre + Tonja (Cockeren til familien hans) og Catania fikk vere med. Det var i vert fall ein tur som verkeleg fikk løyst svetten! *puuh*
Vel heime igjen sto bikkjene i kø forran vannskåla, før begge to fant kvar sin plass der dei kunne legge seg.

Veldig fint med slitene bikkje altså! I morgon blir det kviledag for udyra sidan eg skal på jobb, men på søndag blir det vel ny tur får eg håpe.

Myndetreff

22 sep

Vi i myndegruppa i Sunnfjord har prøvd og få til eit lite myndetreff i ei stund no, og i dag klaffa det endeleg! Ikkje at vi vart så mange med kun 3 personar og 4 bikkjer, men det var uansett kosleg og sosialt. Vi gjekk ein grei tur langs ein traktorveg ved Langeland skisenter, der bikkjene fikk springe lause også.

Catania har endeleg blitt friskmeldt såpass at ho får lov til og gå litt laus på tur i skog og mark no, men kun i maks 10 minutt sidan det er opptrening her også. Men i følge veterinæren hørtes det ut som at vi er over den verste kneika. Men ho får enda ikkje lov til og herje saman med alle andre, så når dei andre var i bånd fikk Catania gå litt laus. Må også sei eg er litt overraska over kor flink ho var til og komme på innkalling i dag. Kom det folk og eg kallte ho inn, så kom ho. Flinke bruningen min det! Men skal bli herleg når ho får herje laus saman med alle andre igjen.

Treff Mini_0347

Treff Mini_0361

Treff Mini_0364

Treff Mini_0365

Treff Mini_0366

Treff Mini_0374

Treff Mini_0386

Treff Mini_0387

Treff Mini_0395

Treff Mini_0396

Treff Mini_0401

I skog og mark

5 sep

Tok med meg Catania opp på Langeland i dag, og tenkte vi for ein gongs skuld kunne følge traktorvegen. Det første som møtte oss når vi var komt opp til skihytta var ein liten, død fugl. Men uansett, det endte med at vi måtte stoppe opp etter få meter på grunn av eit gjerde med skiltet «beitedyr, båndtvang», og sidan eg ikkje er så stor fan av å møte på sauer eller kyr på beite, så skar vi heller av traktorvegen og rett opp i lyng og kratt.

Catania storkoste seg med hopp og sprett frå haug til haug, gjekk sine eigne spor (eller kva ho no enn eigentleg dreiv med), og tok til og med turen ut i gjørme av eigen fri vilje!

Langeland Mini_0219

Langeland Mini_0222

Langeland Mini_0224

Langeland Mini_0229

Langeland Mini_0232

Langeland Mini_0238

Langeland Mini_0242

Langeland Mini_0245

Langeland Mini_0247

Langeland Mini_0249

Langeland Mini_0251

Langeland Mini_0258

Langeland Mini_0265

Langeland Mini_0297

Langeland Mini_0298

Langeland Mini_0311

Langeland Mini_0317

Langeland Mini_0318

Langeland Mini_0342

Meg langeland Mini_0337