Tag Archives: Sol

Ut på tur, aldri sur!

11 okt

Redalen Mini_7319

I det siste har det blirr veldig mykje innesitting. Den veka det var sol og fint vær ute var eg på sjukehuset, når eg slapp ut kom regnet, og regnet har holdt seg dryppande fram til tirsdag. Så på onsdag var eg og møtte ei venninne i sentrum før vi seinare tok med oss Catania og Pia opp på Langeland skisenter og gjekk langs ein traktorveg til vi kom nærme flyplassen. Tur/retur er det omlag 4 trur eg.
Sjølv om det står på skilt at det er båndtvang på grunn av beitedyr der vi gjekk, så har eg ikkje sett beitedyr akkurat der, og dei såg vi heller ingen verdens spor etter i går heller. Dermed fikk Catania springe laus på stort sett heile turen. Pia derimot måtte fint gå i bånd, litt kjipt å møte på folk med ein gal, kjeftande bomullsdott i farta… Var i vert fall veldig god med ein fin spasertur i knall blå himmel, stor sol og passe temperatur som ikkje er for varm eller kald!

I dag våkna eg også til knall blå himmel og sol. Opp og hopp for å hive i meg frukost, og så var det berre å hive bikkjene i bilen og kjøre opp til Langeland skisenter igjen. Var ingen bilar på parkeringsplassen, så hoppa nesten av glede over at vi heilt sikkert kom til og få vegen for oss sjølv, men kva møtte oss når vi kom litt lenger opp? Jo, 4-5 bilar… Og etter at vi hadde gått eit stykke var det plutseleg ein joggar rett forran oss, og gudane må vite kvar han kom i frå. Han forsvant like fort som han dukka opp også. Og uheldigvis var det ferske hestespor der i dag, så tok ikkje sjansen på og gå like langt som i går i tilfelle vi skulle møte på hest, og eg ville gjerne ha Catania laus.
Gjekk opp ein liten skråning med masse tre, lyng og busker etter eit stykke, og der tok Catania mildt sagt heilt av. Ho fikk skikkeleg raptus, og sprang tulling både hit og dit før ho kom tilbake og kollapsa ved sidan av meg og Pia. Kan tenke meg det var godt og få ut litt energi.

Mens eg sto i skråningen med Pia og Catania hoppa plutseleg Catania til og sprang ned på traktorvegen igjen, før ho satte i eit skikkeleg rabalder med bjeffing. Tenkte at no kom det sikkert dyr eller folk, eller whatever, og flinke bruningen min kom med ein gong eg ropte på ho. Fikk kobla ho i kobbelet og så gjekk vi roleg ned igjen på vegen, men der såg vi ingen på verken to- eller fire bein.
Tussla litt vidare før eg fant ut at vi skulle snu og gå tilbake igjen til bilen. Då slapp eg Catania igjen, så gjek ho laus heile vegen. Stort sett har eg pleid og kalle ho inn og koble ho til kobbelet før vi kjem til porten, men i dag gadd eg ikkje. Så på veg ned siste bakken der porten er på bunnen, så gjekk Catania og vimsa litt før ho gjekk bort dit for og vente. Rett før eg og Pia var komt oss ned, hører eg plutseleg eit skikkeleg grisehyl frå Catania, før ho springer bjeffande vekk frå porten. Då har dei (kven det no enn er) sjølvsagt slått på strumen på strømgjerdet igjen, og så har ho komt borti. Dårleg slutt på turen må eg sei.

Men mens vi sto der med porten, så ringte plutseleg ein kompis og lurte på om eg ville vere med han og ei venninne på tur. Så då kjørte eg rett til han, der vi tre + Tonja (Cockeren til familien hans) og Catania fikk vere med. Det var i vert fall ein tur som verkeleg fikk løyst svetten! *puuh*
Vel heime igjen sto bikkjene i kø forran vannskåla, før begge to fant kvar sin plass der dei kunne legge seg.

Veldig fint med slitene bikkje altså! I morgon blir det kviledag for udyra sidan eg skal på jobb, men på søndag blir det vel ny tur får eg håpe.

NKK Drammen

2 jun

I dag var det duka for nok ei utstilling, nemleg NKK Drammen. Trur ikkje eg skal begynne med alt kaoset som har vert i høve denne utstillinga, sidan området hadde blitt dobbeltbooka, surr i ringoppsett, kaos i parkeringa, and you name it. Sjølv synest eg det mest kaotiske var at alle ringane var omringa av telt så langt auge kunne sjå, noko som ikkje akkurat gjer det så enkelt å finne riktig ring. Syns der er ein uting at dei med telt omringar ringane på den måten, er vel mykje betre å sette opp teltet med litt avstand til ringen så andre folk utan telt også får satt seg ned og sett litt? Eg endte i vert fall opp bak eit telt med andre som hadde Coton, og når dei slo opp bakopningen, så fikk eg komme under og litt meir inn i skyggen. Veldig greit sidan det er sol og varmt. Lang dongeribukse var dermed ikkje mitt beste sjakktrekk innan bekledninga i dag gitt…

Når det kjem til då Pia var i ringen, så oppførte ho seg fint, men ho gjekk ikkje akkurat så fint som ho ellers pleier. Var kun innimellom. Kan muligens ha noko med at dette er hennar tredje utstilling som er ute, så vi får vel heller trene litt meir på gras tenker eg.

Når vi var ferdige i ringen var det berre å pakke sammen og komme oss bort igjen til bilen med alt. Deretter tussla vi litt rundt og såg på kva standa hadde å tilby. Vart eit kjempefint myndehalsbånd i lær, med halvstrup og hjerte av diamantar på til Catania, som utruleg nok kosta under 200,- så får håpe dei kjem tilbake til Noreg, så eg har sjansen til å møte på dei igjen! Ellers gjekk det i litt pelsdill.
Så var det berre å dure tilbake igjen til Nøtterøy.

Melsom1 Mini_6096

Kritikken: Meget velformet hode. Kunne hatt mye bedre pigment. Meget bra hals og bra rygglinje og kryss. Meget bra vinkler. Rør seg bra. Noe utfelt pels, men av bra kvalitet.

Resultat: Very Good

Dommar: Ann-Christin Johansson

Ein smak av sommar

23 mai

Sidan eg var heime i 17. mai veka, så vart det til at vi tok ein tur ut til mormor og besten i pinsa, noko urokråkene sikkert satte stor pris på, sidan det er reine frihetsparadiset med all boltreplassen dei kan herje rundt på. Og når det er sol, blå himmel og varmt, så blir det heile ekstra morro!
Tok dermed med meg Pia, Dina, Catania og Enya litt oppover så dei kunne herje på den øvste bøen. Vangen (Nordlandsvallak) stod også ute i finværet, så han fikk litt «selskap» kan ein vel sei. Pia og Catania syntes det vart svært godt at dei fikk tilgang til fersk hestemøkk også, nam!

Catania fikk også sjansen til og jakte på kråke, ikkje berre ein- men to gangar.
Ho vart også slept med ned til sjøen så ho kunne få prøve og vasse litt, men eeh… fisefine bruningen som knapt nok tåler å bli våt på tærne, det var ikkje så heilt enkelt. Men ho kom seg da uti med litt smisking og pinnekasting nærme land. Sjølv satt eg kun på kanten av brygga og dingla med føtta.

Redalen Mini_7269

Redalen Mini_7277

Redalen Mini_7281

Redalen Mini_7289

Redalen Mini_7294

Redalen Mini_7296

Redalen Mini_7300

Redalen Mini_7314

Redalen Mini_7319

Redalen Mini_7322

Redalen Mini_7341

Redalen Mini_7344

Kråke Mini

Redalen Mini_7351

Redalen Mini_7349

Vestlandsmesterskap i gokart

22 mai

På søndag var det Vestlandsmesterskap i gokart ute i Kråkenesmarka, og det fikk eg utruleg nok med meg. Så med kameraet på slep tok eg turen for å prøve og knipse litt bilder. Ikkje alltid like enkelt når ein sitter most inntil eit gjerde, og dei kjem susande forbi i full fart. Men det vart da litt bilder uansett.

Gokart Mini_7582

Gokart Mini_7630

Gokart Mini_7675

Gokart Mini_7682

Gokart Mini_7699

Gokart Mini_7703

Gokart Mini_7792

Gokart Mini_7868

Gokart Mini_7902

Gokart Mini_8004

Gokart Mini_8019

Gokart Mini_8050

Gokart Mini_8150

Frislepp på Melsom

26 apr

Var ein tur på Melsom vgs. i dag, for og møte Pia og Marita, og dei tre bikkjene deira Elvis, Loke og Vesla for litt frislepp og sosialisering på det inngjerda området som er der. Trur Catania syntes Elvis var litt småskummel, for ho sprang under bordet som var der når han kom. Rare dyret! Men ho fikk da litt fart på seg etterkvart ho også, såpass at ho plutseleg holdt på å springe i det eine LP- hopphinderet som stod der, men sånn går det når ein ikkje følger med kvar ein spring.
Pia holdt på med sitt. Sprang bjeffandes etter Elvis rundt bordet nokre gangar. Fant litt jord ho kunne grave opp og bore snuten sin ned i…

Melsom Mini_5723

Melsom Mini_5739

Rett etterpå var det bråstopp og full sving for ikkje å kræsje i hinderet.

Melsom Mini_5746

Melsom Mini_5754

Pinnegalskap!

Melsom Mini_5769

Melsom Mini_5772

Melsom Mini_5778

Melsom Mini_5782

Melsom Mini_5788

Melsom Mini_5790

Melsom Mini_5794

Melsom Mini_5795

Melsom Mini_5818

Melsom Mini_5865

Melsom Mini_5878

Melsom Mini_5886

Melsom Mini_5892

Melsom Mini_5896

Melsom Mini_5908

Catania i kjent jakt/gjeter stil.

Melsom Mini_5910

Melsom Mini_5917

Melsom Mini_5920

Melsom Mini_5925

Melsom Mini_5939

Melsom Mini_5943

Melsom Mini_5945

Melsom Mini_5969

Melsom Mini_5970

Melsom Mini_5987

Melsom Mini_5990

Hund i bil + sol = dehydrering og heteslag

9 mai

Våren er her, og gradene stiger og sommaren er i anmarsj. Det er då viktig og tenkje over at det ikkje alltid er like lurt å forlate hunden i bilen, til tross for at du kanskje kun skal stikke haude innom ein butikk i fem minutt.

Og sjølv om du setter bilen i skyggen, så vær obs på at det ikkje alltid er til stor hjelp mot sola. 14 grader i skyggen, tilsvarar nemleg 19 grader i bilen. Mens 18 grader i skyggen tilsvarar heile 38 grader i bilen! Og dette er i skyggen.
Tenk deg då kor varmt det blir i ein bil som står midt i solsteika.

Men om du parkerar bilen i skyggen, så tenk over at sola faktisk flyttar på seg. For om du har parkert bilen i skyggen, kan det godt være du kjem ut igjen til ein bil som står midt i solteika!

NEDKJØLING:

Temperaturen i bilen stig raskare enn du trur, og i løpet av få minutt kan det vere ekstremvarme i bilen. Og korleis blir det då med ein hund i bilen? Hundar som generelt tåler varme dårleg.

Om hunden då ikkje har tilgang til vatn i bilen kan det raskt få konsekvensar. Hunden kan bli dehydrert og/eller få heteslag, som er ein tilstand der kroppen blir overoppheta på kort tid.

Symptom på heteslag:

  • Forvirring
  • Svimmelhet
  • Besvimelse
  • Bevistløshet og kramper

Heteslag er alvorleg, og hunden kan dø av det. Det er difor viktig at oppvarminga ikkje fortsetter ved å plassere hunden i meir kjølige omgivelsar.
Rens så hundens munn for fremmedlegeme og sikker før du spylar hunden med vatn som har ein temperatur på rundt 15 – 20 grader. Vatnet må ikkje vere for kaldt då det kan føre til at blodkara i huda trekk seg saman og hindrar varmen i å komme ut.

Lysken og bukområdet er den beste staden å nedkjøle hunden på. Dette på grunn av den tynne behåringa.
Om du ikkje har tilgang til rennande vatn, kan du bruke kalde håndklær som du legg over hunden.

Nøtterøy dyreklinikk.