Tag Archives: sommar

Dag 4 – Det du kjøpte til hunden din sist

15 jul

Sidan det snart er haust, etterfulgt av vinter, så måtte nesten Catania få seg litt nye kle. Det ho hadde som kvalp har ho for lengst vokst ut av, og med så lite pels som ho har, så må ho nesten ha noko varmt. Derfor bestillte eg eit vinterdekken og eit polarfleecedekken frå Wippetix, eit regndekken sydd etter mål av Ragnhild Olsen. Og tre nye ID-brikker frå ebay.
Til no er det kun vinterdekkenet og polarfleecedekkenet som har komt, men bilder av resten kjem når eg har fått det.

Catania Mini_9633

Catania Mini_9637

Ein smak av sommar

23 mai

Sidan eg var heime i 17. mai veka, så vart det til at vi tok ein tur ut til mormor og besten i pinsa, noko urokråkene sikkert satte stor pris på, sidan det er reine frihetsparadiset med all boltreplassen dei kan herje rundt på. Og når det er sol, blå himmel og varmt, så blir det heile ekstra morro!
Tok dermed med meg Pia, Dina, Catania og Enya litt oppover så dei kunne herje på den øvste bøen. Vangen (Nordlandsvallak) stod også ute i finværet, så han fikk litt «selskap» kan ein vel sei. Pia og Catania syntes det vart svært godt at dei fikk tilgang til fersk hestemøkk også, nam!

Catania fikk også sjansen til og jakte på kråke, ikkje berre ein- men to gangar.
Ho vart også slept med ned til sjøen så ho kunne få prøve og vasse litt, men eeh… fisefine bruningen som knapt nok tåler å bli våt på tærne, det var ikkje så heilt enkelt. Men ho kom seg da uti med litt smisking og pinnekasting nærme land. Sjølv satt eg kun på kanten av brygga og dingla med føtta.

Redalen Mini_7269

Redalen Mini_7277

Redalen Mini_7281

Redalen Mini_7289

Redalen Mini_7294

Redalen Mini_7296

Redalen Mini_7300

Redalen Mini_7314

Redalen Mini_7319

Redalen Mini_7322

Redalen Mini_7341

Redalen Mini_7344

Kråke Mini

Redalen Mini_7351

Redalen Mini_7349